Takk for at du ønsker å dele bildet/bilda dine med oss!
Ved å sende inn bilde i dette skjemaet samtykker du til at Haram kommune kan bruke fotoet i marknads- og informasjonsmateriell. Døme på dette kan vere:
- på nettside og i sosiale medium
- i ulike dokument
- i plakatar, brosjyrar og anna skriftleg materiell
Samtykket kan trekkast tilbake. Om du ønsker å gjere dette, kontaktar du Haram kommune med kopi av, lenke til, eller nærare skildring av bildet.
Før du går vidare til innsending, ber vi deg om å merke deg følgande:
-
Bildet
må ha motiv frå Haram kommune
- Bildet
må vere av nyare dato, og vise omgivnadane slik dei er i dag
- Bildet må vere av god kvalitet, og ha god oppløysing
- Bildet må ha ein tittel som seier noko om motiv/kor bildet er tatt
- Du
kan berre dele bilde som du sjølv har tatt
- Om
motivet inneheld personar som kan kjennast att, må du ha løyve frå desse
til å dele bilda. Foto av barn skal godkjennast av barnet sine føresette
Dersom Haram kommune nyttar bildet vil vi sjølvsagt opplyse om at det er du som er fotografen.
Takk for hjelpa di!