Som lokal barnehagemynde skal kommunen rettleie og sørje for at alle barnehagane i Haram blir drivne i samsvar med gjeldande regelverk (jfr. barnehageloven § 10).
Lova pålegg kommunen å føre tilsyn med barnehagane i kommunen (jfr. barnehageloven § 53 om tilsyn med barnehagane), og kommunen kan pålegge barnehagane å rette uforsvarlege eller ulovlege forhold.
Samfunnsmandatet til barnehagen er regulert gjennom Lov om barnehagar (barnehageloven) med forskrifter. Forskrift om Rammeplan for barnehagen fastset utfyllande føresegner om innhald og oppgåvene til barnehagen.
Kva kan du gjere før du sender inn klage?
Du bør som hovudregel ta opp bekymringa eller klagen med pedagogisk leiar eller styrar, før du eventuelt sender den til barnehagemynde. Å løyse ei sak på lågast mogleg nivå er formålstenleg for alle involverte partar. Du kan også ta opp generelle problemstillingar i samarbeidsutvalet til barnehagen (SU). Dersom dette ikkje løyser problemstillinga, kan du kontakte barnehagemynde.