Alle medarbeidarar, oppdragstakarar, lærlingar/studentar og innehavarar av politiske verv i kommunen har teieplikt når det gjeld informasjon som vist til i Forvaltningsloven § 13. I tillegg gjeld og bestemmingar om teieplikta i Forvaltningsloven §§ 13 a – 13 e. Dette gjeld sensitive opplysningar om brukarar, tilsette, kommunen si verksemd, tryggleik og organisatoriske forhold, både i munnleg, skriftleg og elektronisk format. I tillegg gjeld teieplikt etter særlovgiving som vist til nedanfor, kor dette er relevant ut frå arbeidsforhold.
Teieplikta gjeld ikkje berre eksternt, men og overfor andre medarbeidarar og kollegaar der opplysningane ikkje er naudsynte. Teieplikta gjeld og etter at arbeidsforholdet er avslutta, og varar i praksis livet ut.
Medarbeidarar med tilgang til datasystem og/eller som handsamar sensitive personopplysningar på papir, forpliktar seg til å syte for at informasjonen ikkje vert kjend for utanforståande, og at sensitive data ikkje lagrast elektronisk andre stader enn i godkjent fagsystem.
Ingen medarbeidarar skal aktivt søke konfidensielle eller sensitive opplysningar når dei ikkje er naudsynt i vedkomande sitt arbeid i kommunen, verken gjennom samtale eller gjennomgang av manuelle eller IT-baserte register, sjølv om desse reint praktisk er tilgjengeleg for vedkomande. Bestemmingane gjeld og ved oppdragsavtalar og politiske verv i kommunen.