Gjennom dette skjemaet kan du søke om hogst og rydding på kommunal grunn.
Kommunen vurderer søknaden mellom anna etter følgande kriterium:
- rammer gitt i lov om rettshøve mellom grannar (nabolovea), reguleringsbestemmingar, reguleringsplanar, samt andre lover og vedtak
- ulempe med hensyn til sol og lys i forhold til plassering av trea, høgde og tettheit
- om trea vert vurderte som risikofylte
- om det er einigheit eller ueinigheit i nabolaget
- vurderingar av trea si estetiske betydning for området
- klimatiske forhold, som til dømes endra vindeksponering og erosjon
- type tre, alder og kondisjon, samt hensyn til biologisk mangfald på staden
Kommunen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som kan fellast, og vi gjer vidare merksam på at vi alltid vil vurdere anmelding og å krevje erstatning av sjølvtekt.
All trefelling og rydding mv. skjer for eiga rekning og på eige ansvar for seg sjølv og omgivnadane. Den som utfører trefellinga må ha nødvendig kompetanse og utstyr. Haram kommune seier frå seg eit kvart ansvar for personskadar og/eller skadar på ting mv. i samband med trefelling utført av private som har fått løyve til å felle tre på kommunal grunn.