Dette skjemaet brukar du dersom du ønsker å ta etablerarprøve eller kunnskapsprøve.
Etablerarprøve
Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og serverar mat og alkoholfri drikke, må ha bestått etablerarprøve.
Kunnskapsprøve
Det er to typar kunnskapsprøver, ei for salsbevilling i butikk og ei for skjenkebevilling på restaurant/bar/pub.
Kontrollørar
Kravet om å ha bestått kunnskapsprøva for kontrollørar gjeld frå 1.1.2016 (overgangsordning ut juni 2016) og kommunen er ansvarleg for å halde prøva.
Les meir om informasjon og læremateriell (vinn.no)
Det kostar 400 kr per prøve. Påmeldinga er bindande. Eventuell avbestilling av prøve må gjerast seinast dagen før. Ver merksam på at du også blir fakturert om du ikkje møter til avtalt tid. Om prøven ikkje er bestått, er det mogleg å ta den på nytt - det må då bestillast nytt tidspunkt.