Alle bygningar som har fyringsanlegg/eldstad tilkopla skorstein, skal betale feie- og tilsynsgebyr (jf. Forskrift om gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Haram kommune, Møre og Romsdal).
Det er eigar sitt ansvar å sende melding til Haram kommune ved montering av ny eldstad eller ved endring av eksisterande fyringsanlegg. Her finn du eige skjema for dette.
Dersom du har kopla frå eldstaden, og pipa er forskriftsmessig tetta og ikkje i bruk, sender du melding om fråkoplet eldstad via dette skjemaet. Meldinga genererer fritak for feie- og tilsynsgebyr på eigedommen.
Det er eigar sitt ansvar å gi melding til Haram kommune dersom skrosteinen blir tatt i bruk på nytt, etter at du har fått melding om fritak. Ved sal av eigedommen må ny eigar informerast om fritaket, og om forutsetningane for dette.
Vi gjør spesielt merksam på at sjølv om eigedommen er ubebodd, under oppussing eller lagt ut for sal, gir ikkje dette grunnlag for fritak.
Fritaket gjeld frå den datoen meldinga er mottatt hos Haram kommune. Dersom feieavgifta for inneverende halvår er fakturert, gjeld fritaket frå neste halvår.
Ålesund brannvesen KF ved feie- og tilsynsavdelinga, kan gjennomføre tilsyn på fyringsanlegg/eldstad som ikkje er i bruk.
Forskrift om gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg (lovdata.no)